11 millionar til Naturoppdraget!
-For ei fantastisk nyheit, ropar Kåre Kråke.
I slutten av juni 2023 fekk Besøkssenter i Noreg 11 millionar frå Sparebankstifelsen DNB til å vidareutvikle Naturoppdraget i samarbeid med Naturfagsenteret.
Vi skal tilby Naturoppdraget til alle barnehagar i Noreg frå 2024. Ei rekkje naturtema skal få sine oppdrag og aktivitetar.
Vi vil heve kompetansen hos naturvegleiarar i heile landet gjennom eit etterutdanninsgtilbod, og barnehagetilsette skal få hjelp og støtte til å utvikle ferdigheitene sine i å ta med borna ut i naturen.
Målet er at alt pedagogiske materiale skal vere tilgjengeleg for barnehagane i mange år etter at det treårige prosjektet er avslutta.