Kråkefakta
Kråker er svarte og grå fuglar med skarpe nebb og lange halar. Dei er veldig smarte og likar å samarbeide for å finne mat. Kråker finst over heile verda, også i Noreg. Dei trivst godt i både skogen og byane, og du kan ofte sjå dei i parkar og på dyrka mark.
Kråker er altetande, og det betyr at dei et både planter og dyr. Dei likar å ete frukt, nøtter, insekt, og små levande, eller døde, pattedyr. Til og med matrestar frå søppelkasser synest dei er godt! Nokre kråker har også lært seg å bruke verktøy for å få tak i maten sin.
Kråkesong har du sikkert høyrt før: kraa-kraa, seier dei når dei flyg rundt. Dei lagar òg ulike lydar for å kommunisere med kvarandre, som å varsle om farar, eller markere territoriet sitt. Har de lagt merke til at dei fleste fuglar hoppar på bakken medan kråka går?
Sjølv om mange menneske synest kråker kan vere litt plagsame, er dei eigentleg svært nyttige for naturen. Neste gong du ser ei kråke som flyg forbi, kan du seie «hei» og takke ho for at ho hjelper til. Kva hjelper ho til med, trur du?