Vi leikar

Vi leikar

naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurer på om de har lyst til å vere med på plantejakt?

Har de lagt merke til alle dei fine fargane og luktene av planter? Nokre planter er store, og andre er små. Nokre lever og andre er daude.

Slik er leiken:
Skriv ut plantejakta med tekst og illustrasjonar (sjå vedlegg). Lat borna samarbeide om å finne dei ulike plantene. Kryss av for dei plantene de har sett. Hugs at de ikkje treng å plukke plantene.

Tips til dei vaksne:
Ein kan skrive ut ein stor versjon av plantejakta og leggje den på bakken. For kvar ting borna finn, kan de leggje ei kongle eller ein stein på ruta som er funnen. Ver merksame på at den illustrerte versjonen av plantejakta kan føre til at borna leitar etter noko som liknar på biletet. Tekstvarianten opnar for fleire svaralternativ.

Fleire oppdrag om Planter

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: