For at planter skal lage frø eller frukt, treng dei at pollen vert spreidd frå ein blome til ein annan blome. Her hjelper insekta og blomane kvarandre.
Skriv ut samtalekortet og bruk biletet til å samtale med borna om korleis plantene spreier pollen. Samtal med borna i små grupper på 4-6 born.
Tips til dei vaksne:
Gå gjerne ut og finn blomar der det er insekt og prøv å leggje merke til kva insekta går etter. Kva gjer dei? Kva blomar besøker insekta? Luktar det noko av blomane? Kva farge har dei?






















